søndag 11. juni 2017

Dikt: Når kan ein sjå

Jeg fant et vakkert dikt i antologien "Dikt og forbannet løgn" i dag. Aslaug Vaa gav diktet ut i samlingen Villerkorn i 1936. Jeg har tatt meg den friheten å bytte ut det originale "aa" med "å" for å få gjøre diktet mer leselig. Ellers er det slik det er gjengitt i boka. Dialektformen 'konn (okkon) fra Telemark betyr "oss".



Når kan ein sjå

Når kan ein sjå
om der er ein Gud té?
Me skapte han
i kvar stund
og i tusunvis av år
ut av det me frykta for,
ut av det me ikkje kjende.

Me såg han
i det fyrste bilæte
som fekk auga til å skilja
millom godt og vondt.
Men når skapte han okkon?
Når tok han menskjet og forma det ut
som smeden i smidja
tek jønnet og hamrar det
til øksar og sverd
der stålet blenkjer -

Når gjekk me den lange vegen
og fann ut kven han var?
Eller kvar han var -
Me skapte han,
i ditt og mitt hjarta skapte me han.
Og han var streng,
og han var mild,
ettersom me trong vita
at der var ein streng
og ein mild té.

Me rette arman mot han
og bad han gjeva 'konn
det me ikkje våga gripa etter
eller halda på.
Me skreik til han
at han måtte gjeva 'konn endå eit liv
når jordi hadde gjort si gjerning med okkon.

Me fornekta han
når me kjende hendan valna
og vond hug buble gjenom kroppen
og brenne i ledan som eiter,
og me venta
at det me kalla Guds vilje
stod ivi 'konn som ei trugans toresky
som kvar stundi
kunde slå 'konn til dust og dumbe.

So bygde me hus kring han,
store, høge hus
som ris upp i skyin
med kuplar og tårn,
og set ein kross på:
der skal du vera.
Og krossen ritar upp i skyin
lovi me skal fylgja,
den ligg langt ivi ditt menskjevit,
og er gøymd millom permar
som er heilage av dust.

Men gjekk du ein gong burt
frå det som var skapt av menskjehendar
og la att bilætet av menskjeguden
i det store høge huset -
gjekk so langt
at ein ikkje ser tårni truga mot himils.
Og ein finn seg veg fram på stigen i skogen
som ikkje hendar hev grave ut,
eller føtar hev gjenge upp,
men som hev forma seg
etter veir og vind og lende
og etter slik som lyngen trivst
og trerøtan tøygjer seg -

Og du gjeng og gjeng
til du kjenner
at dei ukjende lovir
som forma stigan i skogen
dei legg ei vár og sterk hand om deg
og formar deg ut,
og du fær auga til å sjå
og øyra til å høyra.

Du stansar og kviler -
du ser
at mosen ligg mjuk ivi steinen.

Steinen og mosen,
dei gøymer ein løyndom
som ein kjenner att
djupt ned i sitt eige hold,
og som ein hev leita etter
men ikkje funne
millom dustne permar.

Der dei leduge moserøtan
trengjer seg ned i det daude, harde grjotet
so det gjev ifrå seg mold og væte,
der ligg den fyrste vilje til liv gøymt.

- Og når ein legg hovudet nedåt
den mjuke mosen
og kviler trygt
fordi steinen stydjer i mot,
då er det som ein fær ein ny visdom,
og då kjenner ein
at det var so langt ein måtte gange.

Og ein drøymer om ein dag
då det vonde ingi makt hev;
- når ein hev gjenge upp dei mange stigan
og funne fram dit det kom i frå,
og at den dagen skal ein sjå
kva Gud er.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Her kan du skrive inn en kommentar! Kommentarene blir moderert før publisering. NB: hvis du skal logge deg på en konto når du sender kommentaren, 1) logg på før du skriver eller 2) kopiér kommentarteksten før pålogging. Det hender dessverre at teksten ellers forsvinner. Og det vil vi jo ikke?